OM oss
Bak turen står bakka grendalag og gode folk i Dyrdal Turen har til no vorte gjennomført femten gonger sidan 2005 med mellom 30 og 100 deltakarar. Turen vert gjennomført laurdagen i fyrste helga i august. Meir om turen finn du under. Spørsmål, tips eller forslag? Sjå kontaktinfo under.

Turbeskrivelse
Turen byr på ein høgdeforskjell på 1300 høgdemeter over ein distanse på mellom 15 og 20 kilometer.
Heile vegen har du dei flottaste verdsarvfjell du kan tenkja deg. Prikken over i"en må vel kunna seiast å vera utsikten frå Breidskrednosi. Etter turbeskrivelsen finn du kart med innteikna rute, høgdeprogfil.
Ein tek av frå vegen mellom Bakka og Tufte(ytterste garden på Bakka) like etter ein bakketopp - skilta Rimstigen. Herfrå går ein fyrst igjennom noko skog før ein kjem ut i meir ope terreng - skrebakken. På ca. 150moh går stien inn i skogen. Herfrå er stien godt synleg heilt til ein kjem opp i Rimstigen 700moh.
Det er dei siste to åra lagt ned mange timars arbeid for å gjera stien lettare farbar. Frå Rimstigen fylgjer ein dalen innover - stien er lett synleg også her. Omlag fem hundre meter inne i dalen skal elva frå Rimstigvatnet kryssast på bru.
Vidare går eit lite stykke langs elva frå Skarsvatnet, før ein går litt meir til venstre over nokre myrar. Her er stien stien nyleg lagt om for å unngå dei verste myrane. Etter myrane svingar ein meir mot høgre og går rett mot Skarsnosi. Bratt oppover Skarsbakkane mot Skarsvatnet.
Idylliske Skarsvatnet ligg på 1100moh. Du går over elva i utløpet av vatnet. Har ein gode sko pleier ein å komma seg tørrskodd over denne også. Ein fylgjer vidare stien langs vatnet. Tek ein av for tidleg kjem ein for langt mot sør, og får litt meir kuppert terreng.
Når ein kjem på omlag 1250moh. Lyt ein velja om ein ein vil ta turen om Rimstigfjellet. Rimstigfjellet byr på fin utsikt mot fjorden og Bakka. Om ein ikkje vil på Rimstigfjellet fylgjer ein dalføret som ligg framfor ein - det er berre å fylgja lågaste punkta framover sidan ein likevel må nedatt til 1120moh. før ein tek til på stigninga mot Breidskrednosi.
Frå Breidskrednosi til ein er på kanten mot Vassete er det ingen sti. I lia ned frå 1000moh. er det derimot eit tydeleg trakk. Prøv å fylgj merkinga her, då ein prøver å legga stien i nye svingar nedover.
Frå stølane på Vassete er det god sti ned til Hjølmo, og frå Hjølmo til Dyrdal er det grusveg.
