Me ynskjer velkomen til Verdsarvturen 2022 laurdag 6.august
Turen går frå Bakka til Dyrdal via Rimstigen, Skarsvatnet, Rimstigfjellet, Breiskrednosi og Vassete.
I Dyrdal vert det servert eit varmt måltid før me set kursen inn fjorden att til Bakka i båt.
Bindande påmelding til Mai Lisbeth på epost mai.t.austreim@gmail.com eller telefon/sms 991 27 632.
Me ynskjer fullt namn og telefonnummer til alle som melder seg på.
Oppmøte for registrering kl 0830 på skulehuset på Bakka. Retur frå Dyrdal rundt kl 18.
Turen er vel 20 kilometer og inneber 1400 høgdemeter opp og ned. Underlaget er sti, lyng/gras og ur, før me avsluttar med grusveg siste 4km.
Vurder eigen form og ferdigheiter før du melder deg på. Sjå og meir turinformasjon.
Prisar:
Vaksne 500
Born 300
Familie 1300 (føresette med eigne born)
Prisen inkluderer tur, mat og båtskyss.
Me sel òg vår eiga lekre Verdsarvturen-tskjorte før og etter turen.
Betaling med Vipps.

Verdsarvturen2021
Fin tur i flott turver
Verdsarvturen 2021 gjekk i framifrå turver med 65 deltakarar.
Spreke deltakarar gjorde at me hadde god framdrift heile vegen, sopass at dei fyrste nesten kom for tidleg til middag.
Alle kom seg vel over fjellet og kunne nyta ein betre middag i Dyrdal før båtturen tilbake til Bakka.
